Symra

Symra har alltid dansa norske turdansar. I 1999 vart det skipa eit eige kurs i stildans. Målet var det store stildansballet i Sandefjord i 2000. Symra har valt å bruke ordet stildans for denne dansetypen.

Symra øver stildans kvar fjortande dag, på fredag, i Nordahl Brunsgt. 22, Oslo.

Symra har halde fleire helgekurs, miniball (to kvart år) og ball. På eigne kurs innan folkedans og stildans får nye dansarar lære turdans/stildans. For å hjelpe nye dansarar lagar vi til eigne dansetilbod som blir kalla Ekstra- eller Oppfølgingstilbod. Laget skipar grunnkurs i stildans med jamne mellomrom.

Øvingane er opne for alle, og folk kjem langveisfrå. Det brukast til vanleg CD-musikk, men og levande musikk.

Danseutvalet er stort. Sjølvsagt er dansar frå Norge grunnstamma. Da Symra er eit av dei mest aktive laga i nordisk samarbeid (Nordlek), er dansar frå Norden kome sterkt med. Også dansar frå andre land i Europa høyrer med. Dansar på komande ball kjem ofte på øvingane. Ein har også tatt opp stildansar på dei vanlege øvingane i folkedanslaget. Dansar som medlemer har laga, er lagt ut på You Tube, m.a. Menuettvals i kvadrilje.

Symra er eit stort lag i hovudstaden når ein ser på oppslutning og aktivitet. Vår heimeside er folkedans.com/symra eller symra.org.

Velkomen på kurs og øving i hovudstaden!

Kontaktperson: Erik Haugros - leiar Symra (erik.haugros@gmail.com el. 915 23 192)

Vebjørn Bakken har tatt bilde.